Neste veke fyller myteomspunne Gades institutt ved Universitetet i Bergen 100 år. Og Gades kan by på meir enn rettsmedisinske obduksjonar. Her foregår det avansert kreftdiagnostisering, forsking på skumle parasittar og utvikling av vaksiner. Tilsette ved Gades reiser til dømes ut i verda og hjelper til i kampen mot tuberkulose blant ungar i Afrika. Andre gonger, som etter tsunamien i 2004, reiser dei ut og hjelper til med å identifisere omkomne.
Gades har vore ein viktig institusjon gjennom 100 år, og no skal jubilanten feirast ei heil veke! Sjølve bursdagen er måndag 12. mars, og aktivitetane gjennom jubileumsveka vil vere varierte.
Heile programmet for jubileumsveka:
https://www.uib.no/gades/artikler/2012/01/100-aarsjubileum-ved-gades-institutt
Nettside om den hundre år lange historia:
https://www.uib.no/gades/forskning/gades-institutt-100-aar-i-livets-tjeneste
Mediekontakt:
Marion Solheim, kommunikasjonsrådgjevar, Det medisinsk-odontologiske fakultet,
tlf. 995 12 821, marion.solheim@mofa.uib.no.